Kuvenninnene

... det er så herleg å vere finast ...
Kuvenninnene på tur med Den kulturelle skolesekken!

Kuvenninnene er ei humoristisk bildebok om kyr, vennskap og krangling. Gullhorn, Bjøllekua, Konni, Berta og Jorun er gode kuvenninner. Fine vener - heilt til dei begynnar å raute om kven som er best, då blir det spetakkel på jordet! Barneboka "Kuvenninnene" er skriven og illustrert av Annlaug og utgitt på Samlaget i 2008. All tekst i boka er på kuspråket. For at me skal forstå muinga er den oversett til vanleg språk i form av fotnotar nederst på sidene. Til denne litteraturproduksjonen er det utvikla ein bildebokanimasjon som utdjupar fantasispråket og språkforståelsen til det enkelte barnet.

Her er nokre av tilbakemeldingane som er gitt etter Kuvenninne-besøka frå skulane i Hordaland, våren 2012:

Korleis opplevde du at tilbodet fungerte for elevane? Det var lærerikt og fasinerande. Elevane fekk eit lite innblikk i korleis ein illustratør arbeidar. Dei fekk tips til korleis dei sjølve kan bruke pc-en til teikning og særleg det at ein ikkje treng vere “god” til å teikne for å få dette til. Veldig bra, elevane vart inspirerte og nysgjerrige. Kva respons gav elevane sjølve? Elevane var opplødde. Dei syntest det var kjekt og interressant. Dei var fascinerte av kyrne, namna, lydane og den stilige musikken. Korleis fungerte aktørane i formidlingssituasjonen?: Svært bra. Ho fengsla både elevar og lærarar. Noko du var særleg godt nøgd med? Illustratøren hadde fint og godt samspel med elevane, slik at det vart ein fin og roleg “setting”. Det var ein svært kjekk time, og me har brukt dette etterpå.

DKS i Rogaland har vore med på å utvikle opplegget rundt boka Kuvenninnene for småskulen, 1 - 4 klasse.

Ta kontakt om de ynskjer forfattarbesøk. 

 

Ps! Boka Kuvenninnene er nominert til "Hele Rogaland leser"! Bli med og stem:) helerogalandleser.no

 
Sjå fleire illustrasjonar: 
Forfattaren les! Foto: Jonas Haarr Friestad
Kva om Kuvenninnene blei spredd ut til heile Rogaland?

Om Annlaug

Utdanning: Kunsthøgskolen i Bergen, linje for Illustrasjon og Grafisk design.
Medlem: NBK, Tegnerforbundet og Grafill.

Kontaktinformasjon finn du her

© 2017 - Annlaug Auestad, Verkstedet, Øvre Holmegate 11 4006 stavanger | Design & utvikling Sømme