Naturalistisk framstilling av dyr og planter kan vere interessant å jobbe med. Målet med teikningane var å framstille fuglane og kløveren i graset på ein realistisk måte, ikkje fotografisk, men heller ikkje langt unna.

Det er lite som kan måle seg med ein teikneprosess - med vurderingane som foregår kontinuerleg, samt å vere i nået fordjupa i det som oppstår på papiret.

Den amerikansk-ungarske psykologen Mihaly Csikszentmihalyi har forska på flyt, og kva som oppstår av prosessar knyta til dette. Csikszentmihalyi seier at flyt-opplevinga heng saman med aktiviterter eller opplevingar som ein er engasjert i, og at ein er på sitt mest lykkelege i samband med aktivitetar som ein finn meining i.

Flyt kan altså karakteriserast som ei optimal oppleving knyta til arbeid og oppgåver som ein gjer. Csikszentmihalyi fann i si flyt-undersøking at den optimale oppleving i all hovudsak består av åtte ulike komponentar:

1. Oppgåva må vere noko som ein kan klare, som er utfordrande i tillegg at den krev ferdigheiter

2. Konsentrasjon

3. og 4. Klare mål som óg gir direkte feedback

5. Engasjement

6. Kjensle av å ha kontroll

7. Sjølvopptattheita kan forsvinne, men som eit paradoks trer sjølvet sterkare fram

8. Opplevinga av tid endrast, der timar kan opplevast som minutt, og motsett

(Csikszentmihalyi, M. (2003). Flow : den optimala upplevelsens psykologi)

Altså har teikning svært mange fordeler ved seg. Både prosessen og også resultatet er av verdi.

Neste
Neste

Hus i rekke