I denne kronikken problematiserast den etablerte forståinga kring nytteverdi og fag i vidaregåande skule.
Dersom kunstfaga (Kunst Design Arkitektur) nedprioriterast på videregående skule: kva vil dette bety for elevens utvikling og utdanning?
Det er liten tvil om at det vil ha fleire negative konsekvensar. Me veit at kunstfaga spelar ei viktig rolle i det å stimulere til kreativ tenking og problemløysing. I tillegg gir kunstfaga balanse til dei meir teoretiske faga. I dette ligg også at eleven gis moglegheiter til å uttrykke seg på ulike måtar, som også bidreg til ei meir heil utdanning. Dette gir også ein meir variert og engasjerande skuledag, i og med at for mange elevar er kunstfaga ei kjelde til glede og motivasjon. Kunstfaga kan vere døropnarar til karrierar innan kunst, design, musikk og andre kreative felt. Utan tilgang til desse faga kan eleven gå glipp av moglegheiter til å utforske, samt utvikle talent som kan leie til framtidige yrker. Og ikkje minst: kunstfaga bidreg til å utvikle estetisk intelligens - som er viktig for ei samansett forståing rundt fleire områder i livet - i tillegg til å forstå og verdsette kunst og kultur (Utdanningsnytt, 2018).
I den forbinding vil eg referere til TED-talken "Do Schools Kill Creativity" av Sir Kenneth Robinson. Robinson (1950-2020) var ein britisk forfattar, foredragshaldar og internasjonal rådgjevar for utdanning. Han var ein global autoritet innan kreativitet, utdanning og menneskeleg potensial. Han var direktør for Arts in Schools Project og professor i kunstutdanning ved University of Warwick, samt professor emeritus. Robinson var ein forkjempar for kreativitetens rolle i læring og liv og hans innsikt har forma utdanningspolitikk og praksisar over heile verda (sirkenrobinson.com).
Robinson seier at kreativitet er i for liten grad til stades i utdanninga. Han meiner at kreativiteten er like viktig som leseferdigheiter. Men råda som har vore gjeldande er at du treng ikkje musikk, for du blir ikkje musikar. Eller ikkje vel å studere kunst, du blir ikkje kunstnar. Kan hende velmeinande råd, men svært feilaktige. Vidare spør han kvifor er det slik? Han peikar på at svaret kan vere at utdanningssystema er beståande av hierarki der kunst rangerast som lågast, som minst viktig, medan på toppen ruvar matematikk og språk. Og at utdanningssystema handlar i stor grad om akademisk evne, kor det eksistera ein slags akademisk inflasjon der ungdom må ha doktorgrad for å kunne hevde seg i arbeidslivet. Han samanliknar utdanningssystemet med eit bilde av jorda som støvsugast på jakt etter ei bestemt råvare – og at systemet slik også utnyttar våre sinn. Konsekvensen av denne teoribaserte forståinga av utdanning er at mange talentfulle, geniale, kreative menneske trur at det er nettopp det dei ikkje er. Fordi det dei er gode til ikkje blir verdsett, eller at dei faktisk blir stigmatisert. Robinson meiner at vi har ikkje råd til å fortsette på denne måten. Og at denne oppfatninga av intelligens må endrast.
Hjernen er mangfaldig der me tenkjer både visuelt, i lyd, og med kroppen. Me tenker abstrakt, me tenker bevegelse. Intelligensen er dynamisk, interaktiv og hjernen tenkjer kreativt. Altså at det er prosessar i hjernen som er samansette og avanserte. Robinson seier om kreativitet, at han definerer den som prosess med originale idear som har verdi, kor denne ofte viser seg gjennom samhandling mellom ulike fagdisiplinar som har ulike måtar å sjå ting på. Robinson vektlegg viktigheita av å sjå kreativitet og det skapande mennesket som den kapasiteten det er, og at heile mennesket må utdannast for å kunne møte framtida. Han framheld at ikkje alle skal ta ei teoretisk utdanning og at dei kreative faga må få same status som dei teoretiske i utdanningssystema (Robinson, 2006).
Underteikna har sjølv erfaring med verdien av tilgang til kunstfaget. Då eg var eit barn, teikna eg mykje. Det beste var å sitje på rommet fordjupa i teikninga. På skulen vart teikning noko eg greidde å utmerke meg i, det vart «mitt» område. Eg er sikker på at teikning og skapande aktivitet for meg har vore – og er – av avgjerande betydning.
Eg har kunstutdanning, men det var ingen sjølvsagt ting at eg skulle gå denne vegen. Då eg var ungdom var ikkje gymnaset - som det heitte den gongen - eit alternativ som eg såg for meg. Eg tenkte at teoretiske fag ikkje var noko eg ville fikse særleg godt. Derimot hadde eg min styrke i praktiske, kreative fag. Vel, utan gymnas var eg utan studiekompetanse, noko som sjølvsagt krevjast for å komme inn på høgare utdanning. Det kunne sjå ut til at mine moglegheiter ved Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen var små. Men, og bra for meg, inntak baserast også på praktisk opptaksprøve. Dermed kom eg inn på “Grunnstudiet illustrasjon og design”, kor eg fekk anledning til å fordjupe og utvikle meg innan kunstfaget. Tida mi ved SHKD, (i dag Fakultet for kunst, musikk og design), danna grunnlaget for ein over 20 års karriere innan illustrasjon i alle variantar, og aller mest i forbinding med barnebøker. Denne praksisen bana seinare vegen til PPU, samt ein Master i kreative fag og læreprosessar.
Min absolutte påstand er at utan tilgang til kreative fag, så vil det føre til at mange ikkje vil komme på sporet av det dei har talent og eigenskapar til å meistre. Og for mange, meistre godt. I tillegg er det kreative studieløpet eit godt springbrett også for andre fag og disiplinar, då det er svært sannsynleg at det trengs kreativitet og tverrfaglege løysingar i arbeidsmarknaden framover.
Og som Robinson seier, ein må utdanne heile mennesket, ikkje berre hovudet. Difor må det tenkast annleis om omfanget av menneskets kapasitet.
Kjelder
Robinson, K. (2006). Do schools kill creativity? TED. https://www.ted.com/talks/sir_ken_robinson_do_schools_kill_creativity?subtitle=en
Sir Ken Robinson (2024). Continuing Sir Ken Robinson's Legacy of Creativity & Innovation. Henta 8. oktober 2024 frå https://www.sirkenrobinson.com
Utdanningsnytt (2018, 4. desember). Om kreativitet og kunstfagets rolle i skolen. https://www.utdanningsnytt.no/estetiske-fag-kunst-kunst-og-handverk/om-kreativitet-og-kunstfagets-rolle-i-skolen/141685