Korfor er kreativt og praktisk arbeid av verdi? / by Annlaug Auestad

Korleis kan arbeidet med estetiske problemstillingar vere av verdi for elevar i vidaregåande skule? Og på kva måte kan kreativitet vere nyttig for menneskets utvikling og evna til kritisk tenking?

The future belongs to young people with an education and the imagination to create.
— Barack Obama

Prosessarbeid, marmorering. Elev på utdanningsvalg, Bergeland vgs, 2024

I tillegg til at kunst har ei rekke verdiar i kraft av seg sjølv, er det også fleire vesentlege «spin-off-effekter» i det å arbeide med kunstnarlege uttrykk og problemstillingar.

For å belyse dette vil eg i denne kronikken vise til kunst- og litteraturkritikar Kjetil Røed, professor i pedagogikk Gert Biesta, filosof Arne Næss, samt ein aktuell OECD-rapport.

Kunst- og litteraturkritikar Kjetil Røed poengtera det viktige i å meistre eit handverk i boka Kunsten og livet - en bruksanvisning. Røed snakkar om ulike dydar som kan bidra til auka forståing. Dydane handlar om korleis ein kan finne koplingar mellom verdiar og spørsmål rundt kunst, samt korleis ein kan forstå seg sjølv. Ein av dydane er handverk som tek føre seg den «kognitive og emosjonelle konsistensen i det å ha en helhetlig erfa­ring» (Røed, 2019). Altså tilfredsstillinga det gir å kunne beherske eit handverk, og heilheita som kan oppstå i det erfaringsmessige som praktisk arbeid kan skape.

Ein som også vektlegg det naudsynte med heilskapleg erfaring, samt å sjå på mennesket som heilheit, er professor i pedagogikk Gert Biesta. Biesta viser til viktigheita av kunstfaga som verdifulle i seg sjølv. Men også at eleven ved å arbeide med kreative problemstillingar, i tillegg vil oppleve betre meistring i andre fag. Biesta peikar på verdien av prosess, og i staden for å spørje kva utdanning produserer, vil Biesta heller spørje kva utdanninga betyr og mogleggjer. Han er oppteken av at det gis moglegheit for at eleven får uttrykke og utvikle seg, samt å finne si eiga stemme (Biesta, 2019).

I denne samanhengen er det også interessant å sjå på kva filosof Arne Næss seier om utdanning. Næss er oppteken av korleis ein kan skape glød og engasjement, og seier at motivasjon er avgjerande innan utdanning. Han framhevar at å ved å få tak i følelsar for faga, samt gode følelsar generelt, så gis god utdanning. Han meiner at dette ikkje er nok til stades i utdanninga, og at det kan eksperimenterast meir. Altså at det leggast til rette for læringsprosessar som tek meir utgangspunkt i kva elevane gløder for. Næss vektlegg også at læring kan vere gøy, og at dette heng saman med kjensla av å meistre (Næss, 2005).

Til slutt vil eg trekke inn kva OECD-rapporten Fostering Students’ Creativity and Critical Thinking: What It Means in School, seier om tema. Rapporten utforskar korleis ein kan utvikla og fremma kreativitet og kritisk tenking i skulen.

I rapporten snakkast det om at kreativitet og kritisk tenking er bra på fleire måtar.  Ein vil få ei betre forståing når kreativitet og kritisk tenking lærast - både for det mentale, men også for meir kognitive ferdigheiter. Kreativitet bidreg til idear og produkt- medan den kritiske tanken bidreg til å evaluere og bedømme. Særleg er kritisk tenking viktig for individet for å kunne vurdere kor vidt det er truverdig alt ein blir utsett for i informasjonssamfunnet. Det peikast også på at kreativitet er viktig for menneskets velvære, og i rapporten framhevast det at kreativitet og kritisk tenking kan bidra til at eleven blir ein fri og uavhengig tenkar som ikkje berre gjentek dei han lærer. Å kunne tenkje sjølvstendig er også viktig når det kjem til å etablere kunnskap, samt danninga og den personlege utviklinga som eleven er i. Og at tileigning av kreativitet er eit viktig element i dette (Vincent-Lancrin, 2019).

Det er altså sannsynleg at det gjennom kreativt og praktisk arbeid med estetiske problemstillingar skapast prosessar som er av stor verdi for menneskeleg utvikling. Slik kan ein forstå at kunstfaga, i tillegg til å vere verdifulle i seg sjølv, også kan generere mange gode prosessar. Dessutan kan skapande fordjupingsarbeid gi glede, glød og motivasjon - og at gjennom dette gis det god utdanning. Samstundes vil også evna til sjølvstendig og kritisk tanke utviklast. Noko som, kan hende, dagens samfunn krev meir enn nokon gong før.

Kjelder

Biesta, G. (2019). What if? Art education beyond expression and creativity. The International Encyclopedia of Art and Design Education.

Næss, A, Haukeland, P. I. (2005). Livsfilosofi. Et personlig bidrag om følel­ser og fornuft. Universitetsforlaget.

Røed, K. (2019). Kunsten og livet - en bruksanvisning. Flamme.

Vincent-Lancrin, S., et al. (2019). OECD Publishing, Paris, Fostering Students' Creativity and Critical Thinking: What it Means in School