Når ein praktisk må gjere noko - då sit kunnskapen betre
I klassa vår på KDA (kunst, design og arkitektur) teiknast det bokstavar. Det skrivast namn på dei forskjellige delane. For å lære om typografi er dette den beste måten - når ein praktisk må gjere noko - då sit kunnskapen betre. Og dermed veit ein meir om kva som gjer at det er forskjell på ein A i antikva og ein A i grotesk. Ein veit at den vesle foten på fonten i antikva heiter seriff. Ein veit at små bokstavar heiter minusklar og store heiter versalar. Dette kan ein også lære ved å berre høyre om det. Men, kunnskapen festar seg meir ved å finne fram blyanten, streke opp hjelpelinjer, studere bokstavane for så å teikne. Det dannast koplingar i hjernen ved praktisk arbeid og erfaring.
I dag er det lett å få produsert svara. Ein kan formulere eit spørsmål og i neste sekund har ein svaret. Men dette gir ikkje djup kunnskap. Det er urovekkande at tendensen går i ei slik retning på alle fag- og samfunnsfelt. Kunnskapen må inn i hovudet. Dei unge treng meir enn nokon gong før faktabasert kunnskap. Og dei må øve og praktisere. For korleis skal ein kunne forstå og tenke og vurdere utan.
Den amerikanske filosofen, pedagogen og psykologen John Dewey sitt pedagogiske ideal var enkeltmenneskets utvikling og vekst mot å bli livsdyktig i det moderne samfunnet. Han meinte at kunnskap og handling er gjensidig avhengige av kvarandre, og formulerte dette slik: «Learn to know by doing, and to do by knowing» (SNL). Dette peikar på viktigheita av å tileigne seg kunnskap gjennom praktisk erfaring, samstundes som ein anvender teoretisk kunnskap.
Teikning av bokstavar er ein fredeleg aktivitet. Det er ikke særleg krevjande og det er ikkje vanskeleg å meistre denne øvinga. Ikke desto mindre er denne praktiske aktiviteten av stor verdi for læringa.