Inspirert av dei mange treffande karikaturteikningane som er å sjå nå om dagen av Trump sine storheitstankar om seg sjølv og verda, her kjem mitt bidrag.
Teikninga tek utgangspunkt i presidenten si interesse for å eige til dømes strategiske, eller også gigantiske landområde. Samt gleda han må kjenne på i forbinding med å finne nye namn på desse.
Illustratørar og kunstnarar har opp gjennom tidene satt søkelys på urettferdige eller latterlege forhold som utførast av maktpersonar. Putin er ikkje særleg begeistra for kritisk merksemd gjennom karikatur og satire. Og sjølv om det ikkje er direkte forbode med karikaturteikning i Russland, så kan ein stakkar illustratør ende i straffekoloni eller liknande for ein skarp strek. Og hans gode ven, Trump, skriv gjerne ut presidentordrar på detaljnivå, til dømes om å forby sugerøyr laga av papir.
Teikning kan vere eit sterkt verktøy, og me er svært privilegerte som kan ytre oss fritt her i landet. Det er ikkje ein sjølvsagt ting for alle.